Biblioteket som pådrivar

Du har no vore igjennom heile eller delar av læringsressursen Leselyst med dei minste – saman om lesekultur. Forhåpentlegvis har det gjeve deg tryggleik på eigen kompetanse og meir kunnskap og forståing for kvifor og korleis arbeide med leselyst med dei minste. Kanskje har du til og med fått eit vidare perspektiv og ser endå tydlegare korleis bibliotekets kan ha ein nøkkelposisjon i det viktige arbeidet med å påverke lesekulturen i dykkar kommune.

Gjennom ressursen har vi freista å synleggjere at samarbeid gjer at ein kan dra inn fleire faglegheiter i oppgåveløysinga. Det kan gje større ringverknader og nye moglegheiter for å nå ut med lesing til barn og familiar. Dessutan skapar det merksemd og fokus langt utover det vi maktar kvar for oss. Det gjer oss også meir effektive med offentlege ressursar. Det betyr ikkje at biblioteka skal løyse oppgåver som ligg utanfor eigen kompetanse eller binde opp endå meir av eigen kapasitet. Men det betyr at biblioteket kan bringe eigne ressursar i spel på nye måtar.

Å sette ord på kunnskapen

Å vere klar over eigen praksis og vanar er første steg i vidareutvikling av eigen praksis. Og, som vi har vore innom, er det like viktig å kunne sette ord på eigen kompetanse i møte med andre vaksne og andre profesjonar. Det utviklar fagleg medvit som er ein viktig ferdigheit som fagperson og yrkesutøvar for å kunne handle kunnskapsbasert og treffe godt med tiltaka ein set i gang. 

Vi håpar at du sit att med ei grunnleggande forståing for kva som kan vere gode grep for at biblioteket dykkar kan jobbe aktivt og godt for å nå dei minste med lesing og litteratur. Vi håpar også at du er inspirert til å ta neste steg. Det bør vere på ein strukturert og metodisk måte som styrkar biblioteket sin posisjon i vår samla lesefremjande innsats for å skape flerer lesarar blant dei yngste.

Kva kan det bety i vår kommune og for vårt bibliotek?

Før vi rundar av vil vi gjerne at du tar deg nokre minutt og tenker på kva du sit att med, samlar nokre trådar og tenker framover.

Har du no fleire tankar om:

  • kvifor leselyst med dei minste og samarbeid om lesekultur treng fokus og målretta innsats?
  • kva slags grunngjevingar som best formidlar behovet for ein samla innsats?
  • tiltak og arbeidsmåtar som styrkar samarbeid på tvers?
  • kva leselyst med dei minste inneberer for dykkar bibliotek?
  • kven biblioteket ønskjer å vere som samfunnsaktør, og kva mål for det lesefremjande oppdraget som følger av det?
  • metodar eller idear som de kan nytte i dykkar arbeid?
  • kva som er viktig for deg som tilsett for å kunne bidra til å utvikle biblioteket sitt lesefremjande arbeid?

Ei siste oppgåve

Før vi gir slepp vil vi ta fram igjen eit par av dei innleiande påstandane som du vart beden om å svare på i starten av læringsressursen. No vil vi at du kikar på desse igjen og ser om du tenker eller vurderer annleis enn tidlegare.

Og her kan du sjå kva andre som har
gått igjennom læringsressursen har svara.