Utlån

Illustrasjonsbilde. En kvinne foran en utlånsautomat. Tekst: Utlån av bøker
Ill.: Rakhshan Abbasi

Formålet med behandlingen

Registrera lånarar i biblioteket og deira lån av bøker m.m. og gi dei tilgang til digitale tenester som til dømes Allbok (e-bøker, e-lydbøker) og Filmoteket (strømming av film).

Kategorier av registrerte

Tilsette, leverandørar, lånarar; av desse: barn

Personopplysingar

Døme Bibliofil:

Frå Biblioteksystemer AS og Bibliotekenes IT-senter får du liste over kva type personopplysingar som blir behandla og kva dei blir brukte til. Lista er utfyllande. I din behandlingsprotokoll er det tilstrekkeleg å ta med nokre av desse, men du kan legga ved denne lista i tillegg.

Samtykke er behandlingsgrunnlaget

Samtykke blir gitt gjennom innlogging med minID eller tilsvarande.

Brukarens rettar

Bibliofil-systemet oppfyller alle brukarens rettar. Sjå meir i leksjonen om brukarens rettar.

Informasjonsplikt

Lånar skal informerast om bruken av personopplysingar gjennom personvernerklæringa.

Fritekstfelt

I Bibliofil er det eit fritekstfelt. Dersom biblioteket ynskjer å bruka fritekstfeltet må ein laga reglar for bruken av det og rutinar for sletting av informasjon. Ver òg merksam på at dette feltet ikkje er intern informasjon, men brukaren får tilgang til opplysingane som ligg der når hen ber om innsyn.

Bibliofil – dokument

Døme frå Klepp bibliotek – behandlingsprotokoll (excel)

Døme frå Klepp bibliotek – behandlingsprotokoll (pdf)

Biblioteksystemer AS sin gjennomgang av GDPR-reglane -databehandleravtale (pdf)