I filmen nedom skal du få møte Siri Larsen, fagansvarleg for barnehagebarn ved Deichman og prosjektleiar for Lesefrø i Oslo, på besøk i Hovinenga barnehage. Siri sin jobb er i stor grad oppsøkjande, der ho både kjem med bokpakkar til barnehagen, formidlar bøker til barna, og har møter med dei tilsette om om bøker og leseaktivitet i barnehagen. Ho har lang erfaring frå å jobbe med barn og bøker, og ser på barnehagen som ein viktig arena for tidleg start med lesing. Her er ho med ei storbarnsavdeling på tur.
Lesefrø-prosjektet er godt etablert i Oslo gjennom fleire år, og filmen frå Hovinenga barnehage demonstrerer korleis tilgang på bøker, bruk av bøker og kjennskap til bøker er tett samankopla og har innverknad på korleis dei tilsette lukkast med å bygge ein sterk lesekultur.
10 lesegledenøklar for ein god lesekultur i barnehagen
I boka Leseglede i barnehagen – ti nøkler til en god lesekultur (2022) har Hadland og Hjellup samlet ti «lesegledenøklar» som framhevar mange av dei same komponentane vi kjenner att frå Lesefrø-prosjektet for å bygge ein sterk lesekultur. Dei ti nøklane til Hadland og Hjellup er:
For eit litt meir fyldig samandrag, sjå Utdanningsnytt.
I dei neste emna vil vi gå nærare inn på ulike aspekt som alle kjem til uttrykk i filmen vi har sett: plassering av bøker, leseaktivitet i barnehagekvardagen og bokutval.