Ny medarbeidar
Frå 1. mars er Venke Uglenes tilsett i Sekretariat for bibliotekutvikling, der ho blant anna vil ha ansvar for vidareutvikling av nettstaden bibliotekutvikling.no
Ho kjem frå stillinga som nettredaktør for fn.no ved FN-sambandet, og har utdanning innan bibliotek- og informasjonsvitskap ved Høgskolen i Oslo.
Ho tek fatt på arbeidet med navigasjonen på nettsidene så det skal verte enklare for brukarane å finne fram. I tillegg startar eit arbeid med å vise fram prosjekt og gode historier, samt å løfte fram dei ulike tenestene og ressursane Nasjonalbiblioteket tilbyr biblioteka.