37 prosjekt har fått nærare 14 millionar ved årets tildeling av utviklingsmidlar frå Nasjonalbiblioteket.
Dei ulike tiltaka dekker store og små prosjekt i bibliotek over heile landet, og viser både kreativitet og arbeid for ei berekraftig framtid. Kvart år blir det delt ut nærare 30 millionar i prosjektmidlar til folke- og fagbibliotek i heile landet.
Dei tre innsatsområda som ligg til grunn for årets tildeling til biblioteka er:
- Nye samarbeidsformer
- Open forsking og bibliotek
- FNs berekraftsmål og bibliotek
Vi ønsker blant anna å stimulere til nye samarbeidsformer og kan trekkje fram Vestre Toten sitt prosjekt «Take off lesepiloter». Her vil folkebiblioteket prøve ut nye samarbeidsformer og metodar saman med skulane, skulebiblioteka og føresette for å nå ut til fleire born, for å auke leselyst og auke bruken av biblioteket, seier avdelingsdirektør Svein Arne Tinnesand ved Nasjonalbiblioteket.
FNs berekraftsmål er eit anna satsingsområde i denne perioden, og Bærekraftslaben i Bergen er eit toårig prosjekt som ønsker å gjere biblioteket til ein sentral aktør innan livslang læring, sosial inkludering og tilgang til informasjon og kunnskap. Tiltak som samtalar mellom generasjonar, produksjon av podkast og berekraftskafe vil medverke til meir berekraftige haldningar og handlingar.
Prosjektstøtta er eit viktig verkemiddel i Nasjonal bibliotekstrategi 2020-2024 der nettopp samarbeid og utviklingstiltak er eit hovudtema. Det er Nasjonalbiblioteket som har fått oppdraget med å dele ut midlane, og midlane er del av overskotet frå spelemidlane til Norsk Tipping.
Meir detaljerte skildringar av tiltaka som har fått støtte for 2022 vil om litt bli tilgjengeleg i Nasjonalbiblioteket sin prosjektbank.