Nasjonalbiblioteket lyser ut midlar til aktiv formidling for 2023
Har du lyst til å drive aktiv formidling ved å:
- oppsøke nye brukarar?
- oppsøke nye stader?
- prøve nye metodar?
- bli tryggare i rolla som formidlar?
- nå ut til alle uavhengig av funksjonsnivå?
- prøve digital formidling?
Vi oppfordrar deg og biblioteket ditt til å søke midlar hjå Nasjonalbiblioteket.
Søknadsskjemaet opnar i midten av august, og søknadsfristen er 10. oktober 2022. Utlysingsteksten og krav til søknaden ligg på våre sider.
Vi arrangerer også eit nettseminar den 20. september der vi tek for oss korleis du kan søke midlar. Fleire detaljar om seminaret kjem over sommaren.
Du må gjerne bruke prosjektbanken til inspirasjon. Her er det mogeleg å sjå kva andre bibliotek har gjort med midlar frå Nasjonalbiblioteket tidlegare, og du kan lese om prosjekt som pågår.