Kulturrådet etablerer ny modell for innkjøp av tidsskrift til biblioteka
Den nye modellen skal gjere det lettare å spreie tidsskrifta til nye lesarar, samtidig som biblioteka kan abonnere kostnadsfritt.
I den nye modellen søker tidsskriftet fyrst Kulturrådet om å bli godkjent for innkjøp til folkebiblioteka. Deretter legg biblioteka inn sine ynskjer om abonnement, innanfor ordninga sine rammer.
Dagens tilskotsordning og abonnementsmodell for tidsskrift og kritikk vart oppretta i 2019. Etter ei evaluering av ordninga, utført av Høgskulen i Volda, har no Kulturrådet vedteke å etablere ein ny modell.
Den nye modellen vil gjelde frå hausten. Søknadsfristen er 2. september 2022, og det vil også verte eit informasjonsmøte om endringane den 18. august i regi av Kulturrådet.