Vi ynskjer Lillestrøm til lukke med nytt bibliotek!
Lillestrøm opna måndag 29. august sitt nye bibliotek og kulturkvartal. Kulturminister Anette Trettebergstuen sto for opninga, og Lillestrøm feirar med arrangement, seminar og fest gjennom ei heil kulturveke. Det nye bibliotekbygget vil saman med andre kulturinstitusjonar danne eit nytt og levande kultursentrum i Lillestrøm.
Sjå program og nettsidene til Lillestrøm bibliotek her
I prosessen med utviklinga av det nye biblioteket har Lillestrøm fått midlar hjå Nasjonalbiblioteket. Gjennom tre ulike prosjekt: «Kunnskapsbiblioteket i Lillestrøm» (2016) «Bibliotek- og publikumsutvikling» (2021)og «Biblioteket uten bøker, men med litteratur overalt» (2022) har Lillestrøm fått moglegheit til å sjå nærare på ulike problemstillingar ved utviklinga av nye tenester.