Sjå opptak av nettseminar: «Råd til deg som skal skrive søknad»
Vi i bibliotekutvikling serverer her nyttig informasjon til kven, kva og korleis i søknadsprosessen. Vi håper dette kan vere til hjelp slik kan du får dei ekstra midlane du treng for å gjennomføre ideen og tiltaket ditt.
Del 1:
Gjennomgang av bakgrunn for dei utlyste midlane.
Gjennomgang av dei ulike elementa det er lurt å ha med i søknaden.
- Hugs at midlane skal nyttast til at personalet ved biblioteket skal arbeide med formidling. Dette betyr at de ikkje kan leige inn andre til å formidle.
- Det er lov å kopiere gode idear og “stele” prosjekt andre har gjort før deg. Dette kan gjere gjennomføringa enklare, medan tiltaket er like godt.
- Hugs å les utlysingsteksten nøye!
Del 2:
Korleis du logger deg på, og fyller ut søknadsskjema i vår søknadsportal
Del 3:
Presentasjon av to gjennomførte tiltak, med nyttige erfaringar, tankar dei har gjort seg undervegs, og svar på kvifor det er lurt å søke midlar. Søk du også!
Melkerampen – digitale samtaler om litteratur
Utvikle nye metodar for digital formidling.
Utforsk Melhushistoria – lokalhistorisk fortelling på Horg Bygdatun
Planlegge og gjennomføre formidlingstiltak til skuleklassar i kommunen.