Informasjonsmøte om den nye innkjøpsordninga for kulturtidsskrift
Kulturrådet har lagt om ordninga for innkjøp og formidling av kulturtidsskrift til bibliotek, og inviterer til eit opent informasjonsmøte om ordninga den 27. september kl. 10:00-11:30. Møtet er digitalt.
Om den nye ordninga
Den nye modellen skal gjere det lettare å spreie tidsskrifta til nye lesarar, samtidig som biblioteka kan abonnere kostnadsfritt.
I den nye modellen søker tidsskriftet fyrst Kulturrådet om å bli godkjent for innkjøp til folkebiblioteka. Deretter legg biblioteka inn sine ynskjer om abonnement, innanfor ordninga sine rammer.
Den nye modellen vil gjelde frå hausten.