Tre bibliotek har fått midlar til å spreie kunnskap om dataspel
Gjøvik bibliotek- og litteraturhus, Trondheim bibliotek og Longyearbyen bibliotek har fått tilskot frå Norsk filminstitutt (NFI), og mottar til saman 130 000 kroner til speleformidling.
I Longyearbyen vert det skipa til ei arrangementsrekkje med fokus på formidling og kunnskap rundt spel på folkebiblioteket. Blant anna kjem det norske speleselskap Red Thread Games for å fortelje om inspirasjonen bak spelet Svalbard.
Ved Gjøvik bibliotek og litteraturhus vert det arrangeret speledag i november, og Trondheim bibliotek har fått midlar til ei rekkje med spelerelaterte arrangement i løpet av hausten.
Norsk filminstitutt lyser kvart år ut midlar både til å halde arrangement om dataspel, og til kompetansehevande tiltak for formidlarar. Begge desse utlysingane har no løpande fristar, og dei oppfordrar særleg bibliotek til å søkje.
Ordninga skal bidra til breidde og kvalitet i dataspeltilbodet for born, unge og vaksne, og stimulere dataspelkulturen i Norge.