Ny årleg handverksfestival på Nasjonalbiblioteket
Den siste helga i november inviterer Nasjonalbiblioteket til den aller første handverksfestivalen på Solli plass i Oslo. Det blir strikking, brodering, spinning og veving frå morgon til kveld, saman med Vigdis Hjorth, Warunee Bolstad, Ragnhild Brochmann og mange fleire.
Høgst levande tradisjonar
Over heile landet blir det strikka, vove og brodert, og folk i alle aldrar delar idear og kunnskap seg imellom. Nyskapande strikkedesign blir synt fram på Instagram, og politiske bildevevar blir igjen hengt opp i dei store kunstinstitusjonane.
– Disse handverkstradisjonane er høgst levande og ein sentral del av vår felles kulturarv. Dette er historiekunnskap som sit i hendene og som knyter oss saman på tvers av landegrenser og bakover i tid, seier arrangementsansvarleg ved Nasjonalbiblioteket Ida Pallin Bostadløkken.
I nettbiblioteket til Nasjonalbiblioteket finst tusenvis av gamle og nye oppskrifter på strikk, vev og broderi . På handverksfestivalen vil du få hjelp av bibliotekarane til å leite etter spanande mønster og hente fram skattar frå handarbeidsarkiva.
Foredraga » Strikk og lytt. Alt om ull«, «Syklubb med Vigdis Hjorth og venner» og «Strikk og lytt: En farlig, strikkende mann» vil verte strøymde, og opptaka vil vere tilgjengeleg i etterkant.
Nasjonalbiblioteket vil óg lage ei plakatutstilling med utgangspunkt i festivalen, og vi vil tilby den til bibliotek på same måte som tidlegare plakatutstillingar. Plakatutstillinga vil verte tilgjengeleg i januar 2023.
Her er ein oversikt over alt som skjer på festivalen gjennom helga.
Festivalen er eit samarbeid med blant andre Noregs Husflidslag, broderingsworkshopen Nålens makt og det feministiske kunstkollektivet Femme Brutal.