Konflikthandtering i biblioteket

Current Status
Not Enrolled
Pris
Gratis
Get Started

Dette er ei digital verktøykasse som omhandlar konflikthandtering i bibliotek. Eit viktig stikkord er førebyggande arbeid, og verktøykassa er meint som eit hjelpemiddel.
Her finn de faglege tekstar innanfor ulike tema, malar, casar, tips til foredragshaldarar og tips til vidare lesing for den som ønsker å fordjupe seg meir. Vi ønsker at biblioteka skal kunne finne informasjon for ulike situasjonar ein kan oppleve som vanskeleg.

Bidragsytarar

Prosjektet er eigd av Møre og Romsdal fylkesbibliotek. Arbeidsgruppa besto av følgande personar:

Prosjektet er støtta av Nasjonalbiblioteket, og er eit samarbeid med BibliotekarforbundetFagforbundetNorsk bibliotekforeningArendal bibliotekAsker bibliotekBergen offentlige bibliotekDeichmanske bibliotekHaugesund folkebibliotekMoss bibliotekSandefjord bibliotek, tidlegare Sørum bibliotekTrondheim folkebibliotekTønsberg og Færder bibliotekUllensaker bibliotek, og Ålesund bibliotek. Vi vil benytte anledninga til å takke samarbeidspartnerane våre, utan dykk hadde ikkje prosjektet komme i mål!

Tekstforfattarar

Fleire av foredragshaldarane vi hadde med oss på workshop, har og bidratt med tekstleg materiale. Alle bidragsytarar under workshopane kan vi anbefale som foredragshaldarar.

Under følger ei oversikt over dei som har skrive faglege tekstar til verktøykassa.

Aga Skorupka

Aga Skorupka er polsk miljøpsykolog med Phd fra City University of New York. Dei siste ti åra har ho samarbeidd tett med m.a. urbane designarar, arkitektar og byplanleggerarar for å sikre den menneskelege dimensjonen, byliv og aktiv mobilitet i utforminga av ulike møteplassar, både ute i byrommet og inne. Ho har m.a. jobba som rådgivar for Deichman Tøyen og Nye Deichmanske hovedbibliotek. Ho er tilsett hos Rodeo arkitekter AS i Oslo, og arbeider med fokus på menneske og omgivnadane deira.

Karl Yngvar Dale

Karl Yngvar Dale er spesialist i klinisk psykologi og forskar med klinisk og administrativ erfaring frå psykisk helsevern og rusomsorg. Dale har kompetanse innan kompliserte traumatiske stressreaksjonar, handtering av risiko for vald, lokalbasert psykisk helsearbeid og organisering av helsetenester. Dale er for tida førsteamanuensis ved Høgskolen i Molde.

John Sylte

John Sylte er prest i Den norske kirke og feltprest i Heimevernet. Han har 6 års erfaring som miljøterapeut i sikkerheitspsykiatrien ved Dikemark sykehus, og er vidareutdanna psykotraumatolog (traumebehandling). Han ga i 2017 ut boka «#sorg – en bok om sorgarbeid» (ISBN-13: 9788293407270 ). Han har drive eigen Krav Maga klubb på Vestnes i 11 år, og er gradert Expert 1 i Krav Maga Global og Svart belte i Krav Maga Norge. Krav Maga er rein trening i sjølvforsvar, og har sitt opphav frå det israelske forsvaret.

Gunhild Thunem

Gunhild Thunem er universitetslektor ved Institutt for helsevitenskap på NTNU Ålesund. Ho har arbeidd med forsking og utviklingsarbeid innan tema fleirkulturell kompetanse og forståing sidan 2007, då ho skreiv masteroppgåve i samfunnsplanlegging og leiing. Tema for oppgåva hennar var: «Kvinner, migrasjon og integrering. Filippinske kvinner gift med norske menn».

Andre bidragsytarar

Vi takkar Pål Roska frå Sempro digitalbyrå for flotte illustrasjonar.

Vi vil og takke Johnny Sandaker v/SIM Innlandet, Hanne Blomfeldt v/Oslo politidistrikt, Kristine Gamlund v/Barnevernet, Rita Parnas v/Oslo politidistrikt og juridisk avdeling i Møre og Romsdal fylkeskommune for foredrag på workshopane. I tillegg takkar vi Linda Hansen v/Ålesund kommune og Ellen Ovenstad v/Fagforbundet for mange gode innspel i teksten om barn og unge.

Reservebilde for bli med på nettkurs

Med bakgrunn i masteroppgåva «Der ingen ville se at så mye kunne skje» (Clementz & Røe, 2017) satte Møre og Romsdal fylkesbibliotek i gong prosjektet «Biblioteket – ein trygg møteplass?», og verktøykassa er eit resultat av arbeidet med prosjektet.

Kurset inneholder

  • 10 Leksjoner