Norsk NCIP-profil
CIP (NISO Circulation Interchange Protocol) er ein internasjonal standard for utveksling av blant anna fjernlånsdata. Det er definert ein norsk profil for protokollen som vert brukt til utveksling av fjernlånsdata mellom norske bibliotek – Norsk NCIP-profil versjon 1.0 som omfattar lån, levering og fornyingar.
Norsk NCIP-profil er utvikla i eit samarbeid mellom norske biblioteksystemleverandørar med delvis finansiering frå Nasjonalbiblioteket, og med BIBSYS som prosjektleiar.
Kontaktperson i Nasjonalbiblioteket: Hilde Høgås. For spørsmål om implementering i biblioteksystema i Noreg, inkludert testing, ta kontakt med dei enkelte biblioteksystema.