Utviklingsprosjekter

Berekraftsforsking for alle

Mange institusjonar har som mål at forskinga deira skal støtte opp om FNs berekraftsmål, men korleis kan vi enkelt finne fram til denne forskinga slik at den kan verte til best mogeleg nytte for samfunnet? 

Forskingspublikasjonar kan vere vanskeleg å oppdrive, særleg for alle dei som ikkje høyrer til ein utdannings- eller forskingsinstitusjon. Eksisterande tenester er ofte ikkje tilgjengeleg for ålmenta, eller dei inkluderer få norske publikasjonar.

«Bærekraftsforskning for alle – en transparent kartleggings- og gjenfinningstjeneste» er eit prosjekt leia av Universitetsbiblioteket i Bergen, med biblioteka ved Universitetet i Stavanger og Høgskulen på Vestlandet som samarbeidspartnarar. Prosjektet har fått midlar frå Nasjonalbiblioteket for 2021-2023.

Målet til prosjektet har vore å utvikle avanserte søkestrenger for å finne forskingspublikasjonar, for så å vise, og viss mogeleg, gjere dei tilgjengelege for alle i eit enkelt brukargrensesnitt.

Skjermdump fra bærekraftsforskning.no

Opent for alle

Tenesta gjev oversikt over vitskaplege publikasjonar knytt til FNs berekraftsmål. Det har særleg vore viktig å kartlegge publikasjonar frå norske forskingsinstitusjonar og på norsk språk. 

Der det er mogleg gjev tenesta også tilgang til publikasjonane i fulltekst. Målet er å opne opp forskinga, spreie kunnskapen og bidra til at vi når berekraftsmåla.

Korleis finn portalen berekraftsforskinga?

Portalen søker i Cristin som si hovuddatakjelde, ut frå fastsette kriterium. Det er utvikla komplekse søkestrenger for kvart av berekraftsmåla og delmåla, og desse vert brukte for å kartlegge kva publikasjonar som er knytt til kva mål. Ein del av prosjektet er å gjere søkestrengane tilgjengelege for alle. Desse er difor publiserte på nettsida og er opne for alle til gjenbruk.

Tenesta er for tida i ein «betaversjon» (under arbeid). Prosjektet arbeider fortløpande med å gjere tenesta betre for sluttbrukarane.  På bærekraftsforskning.no kan du gå inn og teste ut tenesta.  Dersom du har innspel til noko i prosjektet, kan du sende dette i eit eige skjema, eller kontakte prosjektet på bibliometri@uib.no

Fakta
Prosjektet nyttar Cristin som hovuddatakjelde. Ein publikasjon blir plukka opp dersom han:

  • har minst éin forfattar med tilknyting til ein norsk forskingsinstitusjon
  • er registrert i Cristin som bok, del av bok/rapport, rapport/avhandling eller tidsskriftspublikasjon
  • er skriven på norsk eller engelsk
  • er knytt til eitt eller fleire berekraftsmål i tråd med prosjektets kartleggingsmetode
  • er publisert etter 2014

Søkestrengene er utvikla både i Web of Science-syntax og som pythonskript.

Ressursar: