Felles nordiske uttale frå nasjonalbiblioteka i solidaritet med Ukraina.
Dei fem nordiske nasjonalbibliotekarane har i dag kome med ei felles uttale der dei uttrykker solidaritet med sine kollegaer i Ukraina og det ukrainske folk.
Pressemeldinga understrekar det viktige i at folk har tilgang til fri og uforvrengd informasjon, og vektlegg biblioteka si rolle i kampen mot desinformasjon.
Meldinga utrykker djup bekymring for, og støtte til, Nasjonalbiblioteket i Ukraina og ukrainske kollegaer i deira kamp for å sikre samlingane, fortsetje arbeidet og stå imot den russiske aggresjonen.
Les heile pressemeldinga her: Statement of solidarity with Ukraine