Morsmålsdagen 2023
Hugs morsmålsdagen 21. februar 2023
Det fleirspråklege bibliotek kan hjelpe med både bøker og effektar. Dei låner ut tematiske bokpakkar til markeringa, og no er det tida for å tinge bokpakkane.
Ein temapakke inneheld 10-15 bøker. Det er eit avgrensa tal med pakkar på kvart tema, så her gjeld det å vere tidleg ute dersom du har spesifikke ynskjer. I tillegg kan dei óg tilby generelle pakkar med til dømes biletbøker eller romanar på mange språk.
Morsmålsdagen er eit flott høve til å gjere dei språklege ressursane i lokalmiljøet synleg. Å syne fram og fokusere på eige morsmål og kulturell identitet betyr mykje for oss alle. Ved å feire morsmålsdagen deltek vi aktivt i å forme det fleirspråklege fellesskapet i Norge.