Nasjonal bibliotekstrategi -referat frå møte i strategisk råd
Nasjonal bibliotekstrategi skal gjennomførast i perioden 2020–2024, og strategisk råd skal gje råd til Nasjonalbiblioteket i arbeidet.
Rådet møtes to gonger om året, og vårens møte for 2023 fann stad 12. 04.2023. Hovudsaka var oppdatering og revidering av nasjonal bibliotekstrategi.
Kulturdepartementet gav i desember Nasjonalbiblioteket i oppdrag å revidere den noverande bibliotekstrategien, og strategisk råd er med i diskusjonen rundt revideringa.
Strategisk råd består av 15 medlemmar frå bibliotek over heile landet. Rådet skal bidra til at Nasjonalbiblioteket fører ein god, regelmessig og samordna dialog med biblioteka i strategiperioden.