Nedetid på forumsidene i ettermiddag grunna oppgradering
I samband med oppgradering av bibliotekutvikling.no, vil forumet bli stengt i nokre timar i ettermiddag.
Neste gong du opnar forumet vil du få ei melding om å godkjenne at vi overfører din gamle informasjon over til ny løysing, og du må samtykke i brukarvilkåra for forumet.
I tråd med GDPR vil vi framover skilje mellom brukarkonto til forumet og brukarkonto til kurs og statistikkmodulane på bibliotekutvikling.no. Dette medfører at du får to innloggingar. Ei for forumet, og ei for bibliotekutvikling.
Vi slettar ikkje kontoen i dagens forum, men du vil få ei melding om å godkjenne at du overfører den gamle informasjonen over til ny løysing. Dersom du ikkje godkjenner vil vi etter ei tid fjerne dei kontoane som ikkje er i bruk.
I den nye forum-løysinga er det mogeleg å få varslingar ved aktivitet i dine grupper, og det vert betre mogleheiter for samhandling i tekstar og grupper.