Sjå opptak av nettseminar: «Råd til deg som skal skrive søknad»

Vi i bibliotekutvikling serverer her nyttig informasjon til kven, kva og korleis i søknadsprosessen. Vi håper dette kan vere til hjelp slik kan du får dei ekstra midlane du treng for å gjennomføre ideen og tiltaket ditt.

Del 1:

Gjennomgang av bakgrunn for dei utlyste midlane.

Gjennomgang av dei ulike elementa det er lurt å ha med i søknaden.

  • Hugs at midlane skal nyttast til at personalet ved biblioteket skal arbeide med formidling. Dette betyr at de ikkje kan leige inn andre til å formidle. 
  • Det er lov å kopiere gode idear og “stele” prosjekt andre har gjort før deg. Dette kan gjere gjennomføringa enklare, medan tiltaket er like godt.
  • Hugs å les utlysingsteksten nøye!   

Del 2:

Korleis du logger deg på, og fyller ut søknadsskjema i vår søknadsportal

Del 3:

Presentasjon av to gjennomførte tiltak, med nyttige erfaringar, tankar dei har gjort seg undervegs, og svar på kvifor det er lurt å søke midlar. Søk du også!

Melkerampen – digitale samtaler om litteratur

Utvikle nye metodar for digital formidling. 

Utforsk Melhushistoria – lokalhistorisk fortelling på Horg Bygdatun

Planlegge og gjennomføre formidlingstiltak til skuleklassar i kommunen.

Prosjektbanken