Søk om tilskot til skulebibliotek og lesestimulering
Søk om tilskot til skulebibliotek 2023
Utdanningsdirektoratet (UDIR) lyser ut tilskot til å styrkje skulebiblioteka sitt arbeid med lesestimulering for 2023. Det er kommunar som kan søkje om midlane. Tilskota skal blant anna bidra til at skulebiblioteka vert ein arena for leseglede for alle elevar.
Det er i år sett av ekstra midlar som særleg skal retta seg mot levekårsutsette områder.
Søknadsfristen er 17. mars 2023.