Søk midlar til auka digital deltaking og kompetanse

Kommunal- og distriktsdepartementet lyser no ut ei eingongsstøtte på til saman 8 millionar kroner til kommunar som vil samarbeide om å opprette lågterskel rettleiingstilbod innan grunnleggjande digital kompetanse. Tilskotet er del av arbeidet med strategien Digital heile livet.

Kommunar som samarbeider med bibliotek vert oppfordra til å søkje

Dei som kan søkje er kommunar som ynskjer å samarbeide med andre kommunar, frivillige organisasjonar eller andre relevante aktørar for å opprette et rettleiingsstilbod til sine innbyggjarar.

Kommunar som ser mogeleg samarbeid mellom informasjonstenesta (servicetorg), folkebibliotek og andre publikumsnære tenesteområde, til dømes helse- og omsorgstenesta vert også oppfordra til å søkje.

Formålet med tilskotet

Tilskotet skal bidra til at kommunar, i samarbeid, kan etablere eit permanent tilbod om å gje opplæring og rettleiing i digital kompetanse til sine innbyggjarar.  Rettleiingstilbodet skal gje innbyggjarar som har behov for det moglegheit til å tileigne seg grunnleggjande digital kompetanse, eller erfaring og tryggleik til å bruke digitale tenester i eigen kvardag.

Søknadsfrist

Tysdag 6. desember 2022

Digitalt arrangement om rettleiing i digital kompetanse

Den 17. november inviterer KS, Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir), Viken fylkeskommune og Nasjonalbiblioteket til ei nasjonal digital samling om digital inkludering. Stian Lindbøl frå Kommunal og distriktsdepartementet vil her informere om denne tilskotsordninga.

Kommunal- og distriktsdepartementet har i fleire år lyst ut tilskot retta mot etablering av Digihjelpen-tilbod i kommunane. Arbeidet med Digihjelpen skjer i eit samarbeid med KS. KS tilbyr råd og rettleiing til kommunar som ynskjer å utvikle og etablere eit rettleiingstilbod i grunnleggjande digital kompetanse. Her kan den ansvarlege i kommunen finne tips og råd om etablering av utvikling av eit kommunalt rettleiingstilbod, sjå www.digihjelpen.no.

Folkebiblioteka har lenge vore aktive når det gjeld desse midlane:

2020: Folkebiblioteka er aktive i arbeidet med å øke digital kompetanse hos utsatte grupper.

2019: Folkebibliotekene sentrale i kommunenes satsing på digital kompetanse