Sommarles 2022
Nasjonalbiblioteket ynskjer lukke til med Sommarleskampanjen som startar 1. juni.
1. juni 2022 klokka 09:00 er det klart for nasjonalt kick-off for lesekampanjen Sommarles.
Kampanjen som oppmodar born til å lese i sommarferien er vorte ein suksess, og er godt forankra i alle fylke i landet og i dei aller fleste kommunar.
Sommarles-forteljinga
Kvart år har kampanjen ei spesialskriven forteljing. Den er skriven av forfattar Mari Moen Holsve, og er eit frittståande framhald av forteljingane frå tidlegare år. Det er oppgåver til forteljinga, og det kjem nye kapittel kvar veke.
Sommarles har også i år eit samarbeid med Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek (NLB). Dei sørgjer for at forteljinga vert lese inn som lydfil, og ein kan velja å lytta til ho i staden for å lesa. Born som les punktskrift, kan låna forteljinga i punktskrift frå NLB.
Nasjonalbiblioteket støttar kampanjen
Sommarles er utvikla av Vestfold og Telemark fylkesbibliotek saman med Snuti AS, og har vore i aksjon sidan 2014. Kampanjen vert drifta av folkebibliotek over heile landet. I 2017 støtta Nasjonalbiblioteket kampanjen med utviklingsmidlar slik at han fekk eit digitalt og nasjonalt lyft.
Sommarles er i front og i samsvar med satsinga på aktiv formidling slik det vert skildra i Nasjonal bibliotekstrategi 2020-2023 Rom for demokrati og danning. Kampanjen vert støtta av Nasjonalbiblioteket med kr 950 000 kvart år i strategiperioden, slik at han kan marknadsførast og vidareutviklast teknologisk.
Vi gler oss til Sommarles! i år, og ynskjer alle lukke til med kampanjen!