Teikneseriar raskare ut til biblioteka
Innkjøpsordninga for teikneseriar vil frå 2023 få fire søknadsrundar i året, i staden for to slik det er i dag. Dette vil føre at teikneseriane som vert kjøpt inn via ordninga, vil kome raskare ut til lesarane i biblioteka.
Justerte retningsliner for teikneseriar – Litteratur – kulturradet.no
Føremål med innkjøpsordninga frå Kulturrådet
Føremålet med innkjøpsordninga er at det blir skapt, gjeve ut, spreidd og lese nye norske teikneseriar av høg kvalitet.
Dei innkjøpte bøkene blir sende til folke- og skulebiblioteka og til nokre mottakarar i utlandet. Publikum kan slik gjere seg kjende med ei rekke av dei nye norske teikneserieutgjevingane kvart år.