Forprosjekt – opplæring av skulebiblioteksassistentar

Type:Utviklingsmidler
Prosjekteier:Bergen bibliotek
Prosjektkategori:Forprosjekt
Antall tildelingsår:1-årig
Status:Pågående
Tidsperiode:2023

Søknad

Mål

– Organisere opplæring av elevar som bibliotekassistentar i samarbeid med Holen skolebibliotek
– Utforske korleis bibliotekassistentane kan bidra til formidling av litteratur til andre på skulen
– På sikt utvide prosjektet og skape samarbeid mellom feire bydelsbibliotek og skulebibliotek i Bergen kommune

Beskrivelse

Utgangspunkt for prosjektet: 
Det er ulikt frå skule til skule i Bergen kommune kva ressursar som er sett av til skulebiblioteket. Mange av skulebibliotekarane i kommunen har svært avgrensa tid til å drifte biblioteket. Nokon har så lite som ½ time i veka til å gjere alt arbeid knytt til skulebiblioteket. Då blir konsekvensen gjerne at stordelen av tida går til utlån, rydding og liknande praktisk arbeid, medan formidling av bøker til lærarar og elevar dessverre blir nedprioritert. Mange av skulebibliotekarane nyttar seg allereie av bibliotekassistentar. Denne ordninga går ut på at skulebibliotekaren lærer opp elevar på dei eldre trinna (frå 5. og oppover) til å utføre enkle oppgåver i biblioteket. Ei utfordring med bibliotekassistentar er at det gjerne er tidkrevjande å gi god opplæring og å følge opp assistentane undervegs, og dermed å få så godt utbytte av elevane som ein kunne fått.

Idé til forprosjekt: 
Folkebiblioteket organiserer opplæring av bibliotekassistentar. Laksevåg bydelsbibliotek og skulebibliotekar ved Holen skole lager utlysingstekst, og elevane frå 5., 6. og 7. trinn som ønskjer å bli bibliotekassistentar skriv søknad. To elevar frå kvart trinn blir vald ut og får opplæring i korleis dei kan bidra til å drifte skulebiblioteket, både med tanke på enkle oppgåver som rydding og oppstilling, men også med tanke på formidling av litteratur til dei andre elevane på skulen. Opplæringa skjer hovudsakleg i regi av folkebiblioteket, men i samarbeid med skulebibliotekaren, slik at opplæringa blir tilpassa skulen sitt behov. Etter opplæringa held involverte (skulebibliotek, bibliotekassistentar og folkebiblioteket) kontinuerlig kontakt i løpet av semesteret, med feire samlingar og ei avslutning med evaluering, med fokus på korleis ein kan utvikle og utvide prosjektet vidare. Prosjektet tek sikte på å betre formidling av litteratur til elevane ved skulen, som vonleg vil føre til større interesse for lesing og litteratur.

Me ønskjer på sikt å utvide prosjektet til å skape samarbeid mellom fleire bydelsbibliotek og skulebibliotek i Bergen kommune etter same modell.